mandag 23. februar 2009

Blokkematte frå Biltema


Eg vil gjerne takka den som gav meg ideen til at pusleparadiset frå Biltema er heilt supert til å bruka som blokkeunderlag. Eg hugsar ikkje kor eg såg det fyrst, men det var ein eller annan på hobbyforum. Tusen takk! Det er jo berre heilt genialt. Og då fekk eg blokka gimpeskjerfet og Bird's eye-sjalet som begge har vore ferdige lengje. Utruleg kor fint det vert når det blir blokka.

søndag 22. februar 2009

Veven

Det er eigentleg ganske utruleg at fletta som eg hadde med frå ferie i Aust-Agder i sommar kan bli til fleire meter med tepper. Eg lånte rennebommen til ei gammal dame der borte, etter at eg hadde tømt Sparkjøp på Stoa for kvitt ullteppegarn. Eg var ganske ivrig til å få veven opp då eg kom heim, men så byrja skulen, og då har eg ikkje hatt særleg tid til å veva. Men i dag har teppet blitt over 70 cm, det vil seia at eg berre manglar 20 cm på at teppe nummer 1 er ferdig. Dessverre går det nok ei stund ennå før eg får sjå heile teppet. Eg klippar ikkje ned veven før eg er ferdig med alle teppene og eg har 8-9 meter renning.

lørdag 21. februar 2009

Jakke i alpakka


Det har vore litt stille her på bloggen ei stund og grunnen ser du her. Eg prøver å bli ferdig med jakka eg byrja på i desember, og då har eg ikkje hatt tid til småprosjekt. Har vevd litt, men er ikkje akkurat ferdig med det heller ennå.
I dag vart eg ferdig med bolen, måtte heim til mor og få repetert korleis me strikkar i saman på toppen. Var ei stund sidan sist eg gjorde det. Og så har eg byrja på ermene. Eg strikkar som vanleg to på ein gong, synest det er lettast slik, i alle fall før det er nok masker til å setja på ein liten rundpinne.














søndag 8. februar 2009

Kerttusokkane ferdig


Skikkeleg fornøgd med mønsteret denne månaden. Desse sokkane var kjekke å strikka. Enkelt, men det ser avansert ut, sånt liker eg! Eg har brukt garnrestar, men ikkje mine restar. Mor fekk minka ned garnlageret med noko over 100 gram sokkegarn frå Sandnes. Dei er strikka på 3,5 og det gjekk fort når eg berre kom i gang. Nå er det mest veving som står på programmet resten av månaden, men eg kjem nok til å strikka litt og.

søndag 1. februar 2009

Pulsvantar for februar


Nesten litt flaut å vera ferdig med månadens oppgåve 1. februar. Skulle tru eg ikkje har anna å gjera enn å strikka. Det har eg altså, og eg har faktisk både vore på møte og gått tur i dag. Lest litt og spela piano har eg og. Men desse vantane gjekk veldig fort å strikka. Eg fann ut at det gjekk an å strikka dei rundt og rundt i staden for fram og tilbake som det står i oppskrifta. Med ein lang rundpinne var det fort gjort. Garnval? Hm, eg tok det garnet som låg på stovebordet mitt for eg gadd ikkje å dra ned eskene med garn som står oppå skapet. Det var visst pt2 som eg skulle bruke til kant rundt eit skjerf, men det var feil nyanse. Skulle nok brukt pinne 3,5 som det stod i oppskrifta, men den fann eg ikkje i farten, så dei er strikka på pinne 3. Dei er mørkare og meir rosa enn på biletet, og dei blir nok ei gåve til ein eller annan.

onsdag 28. januar 2009

Skjerf som manglar kant


Dette skjerfet er heilt nydeleg å ha på seg. Det er strikka i eit garn frå Online i rein ull, skikkeleg mjukt og herleg. Fargen er ikkje så bleik eigentleg, det skal vera meir rosa. Eg liker ikkje rosa, men synest det vart fint for det. Systera mi syntest i alle fall det var fint. Kanskje det vert ei lita gåve til ho. Strikka på tur til Austlandet, kjekt å strikka når det veks 20 cm i halvtimen. Men akk, det er for kort. Eg kjypte litt for lite garn. Og derfor skal det få ein kant i eit tynnare garn. Eg må berre finna ut kva slags kant eg skal bruka denne gongen.

tirsdag 20. januar 2009

Barnevottar, i riktig storleik.

Ja, eg måtte jo strikka nye barnevottar som faktisk passar til tantungen min. Desse er strikka litt etter eige hovud, litt etter ein oppskrift frå garnstudio og litt etter ein oppskrift på ei lue frå du store alpakka. Eg ville ha dei lange i armane for å hindra at snø kjem inn under kjeledressen. Dei er strikka i Misti på pinne 6 og er litt meir lilla enn biletet viser.