Denne er gammal. Eg huskar eg var veldig ivrig ein gong og ville strikka meg ei kofte, men ikkje sånn vanleg med Setesdal eller Fana. Nei, eg skulle laga mønster sjølv. Og det gjorde eg. Ganske tøft eigentleg, med alle strekmennene som går rundt og ein (som skal vera midt bak) som klør seg i hovudet. Problemet var at eg aldri fann ut korleis eg kunne ha det oppe. Eg laga eit mønster til ei bord, men den vart kassert, og ja, kan nokon gje meg ein ide om kva som kan vera fint oppe? Helst noko som ikkje er så vanskeleg? Så kanskje eg kan få ein ufo mindre i skapene mine...
mandag 29. desember 2008
Kva skal eg gjera med denne ufo'en?
Denne er gammal. Eg huskar eg var veldig ivrig ein gong og ville strikka meg ei kofte, men ikkje sånn vanleg med Setesdal eller Fana. Nei, eg skulle laga mønster sjølv. Og det gjorde eg. Ganske tøft eigentleg, med alle strekmennene som går rundt og ein (som skal vera midt bak) som klør seg i hovudet. Problemet var at eg aldri fann ut korleis eg kunne ha det oppe. Eg laga eit mønster til ei bord, men den vart kassert, og ja, kan nokon gje meg ein ide om kva som kan vera fint oppe? Helst noko som ikkje er så vanskeleg? Så kanskje eg kan få ein ufo mindre i skapene mine...
torsdag 25. desember 2008
Jakke i alpakka
Begynte på denne jakka 22. desember, og synest eg har kome ganske langt allerede! Eg fann alpakka på garnutsalget til Sandnes Uldvare til 25 kroner nøstet. Det var visst ujamn innfarging på dei, men eg ser ikkje noko gale, ikkje ennå i alle fall. Så då eg var ferdig med julegavane var det berre å sette i gang. Eg fann eit mønster i Barbara Walker's Treasury of Knitting Patterns, og putta inn ei flette på kvar side. Eg trur det blir fint, men har ikkje bestemt meg om eg vil ha isydde ermer eller raglanfelling, og heller ikkje koss det skal vere oppe i halsen. Men eg har over tjue centimeter att før eg må ta ein beslutning.
Sokkar
Desse sokkane vart eg utfordra til å strikka av jogusi på hobbyforum. Eigentleg skulle dei vere slik: http://emileeknits.wordpress.com/about-2/heart-lace-socks/ Men det vart vanskeleg når eg ikkje hadde så tynt garn. Eg prøvde med det tynnaste eg hadde og pinne nr 2. Men det vart passande til ein elefant. Og sjølv om systera mi brukar fem nummer større enn meg i sko, så har ho ikkje elefantføter.
Men oppskrifter er jo berre veiledande, så eg forandra det til 64 masker og fann fram masse restegarn i Sisu og Silja, samt ein lang rundpinne. Tok eit nøste om gongen og ein tråd frå kvar ende av nøstet og strikka til det var tomt.
Og resultatet vart godt motteke; "Så kule! Dei er sikkart gode!"
Juletre 2008
I år skulle me ikkje ha juletre heime. Det hadde me bestemt. Me var jo berre voksne og trengde ikkje noko juletre. Det vart berre stress. Kjøpe, ta med heim, pynte, passe på, få ut, rydde. Nei, det stresset ville me ikkje ha. Men då me kom heim med pakkane, syns me det var noko som mangla. Kor skulle me leggja pakkane når me ikkje hadde juletre? Løysinga blei ein krakk med ein amaryllis.
Abonner på:
Innlegg (Atom)