fredag 1. januar 2010

Sjå på lista mi til høgre! Så mykje har eg aldri produsert på eit år før. Og det er mykje på grunn av inspirasjon frå knit-alongane eg har vore med på, i tillegg til hobbyforum og hobbyboden. Og ikkje minst ravelry.

Før 2009 hadde eg ikkje strikka meir enn ca. 5 sokkepar til saman på 29 år. Nå har eg strikka 14 på eit år. Før 2009 hadde eg berre strikka eit einaste par med pulsvantar, nå har eg strikka 13 til. Og eg har sydd kjole, den er eg skikkeleg stolt av, men eg har dessverre ikkje bilete av den ennå. I tillegg har eg lært våttoving og vorte betre til å nålefilta.

Jo, når det gjeld handarbeid har 2009 vore eit godt år.

4 kommentarer:

  1. Du har vært skikkelig effektiv på hobbyfronten i 2009. Godt nytt hobbyår til deg!

    SvarSlett
  2. Imponerende! Ha et flott nytt kreativt år!

    SvarSlett
  3. Så kjekt!! Ha eit flott og kreativt år!

    SvarSlett
  4. By the way, garnet eg manglar er mørk grønn alfa nr 8972. Manglar eit nøste no. Så om du vil sjekke på den lokale garnbutikken din hadde det vore kjempesnilt!!

    SvarSlett