søndag 22. februar 2009

Veven

Det er eigentleg ganske utruleg at fletta som eg hadde med frå ferie i Aust-Agder i sommar kan bli til fleire meter med tepper. Eg lånte rennebommen til ei gammal dame der borte, etter at eg hadde tømt Sparkjøp på Stoa for kvitt ullteppegarn. Eg var ganske ivrig til å få veven opp då eg kom heim, men så byrja skulen, og då har eg ikkje hatt særleg tid til å veva. Men i dag har teppet blitt over 70 cm, det vil seia at eg berre manglar 20 cm på at teppe nummer 1 er ferdig. Dessverre går det nok ei stund ennå før eg får sjå heile teppet. Eg klippar ikkje ned veven før eg er ferdig med alle teppene og eg har 8-9 meter renning.

3 kommentarer:

  1. Nydelig vevarbeid! *savner veven min*

    SvarSlett
  2. Nydelig er så gøy å se at noen vever , er det halvdreiel

    SvarSlett
  3. Takk, takk! Eg er så glad for at eg gjekk på kurs og lærte å veva i "ungdommen". Det gjer meg mykje glede. Eg har aldri forstått dei uttrykka med halvdreiel og liknande. Eg berre prøver å veva slik det står i mønsteret. Dette mønsteret har eg funne i ei amerikansk bok og der er det kalla overshot og small honeysuckle.

    SvarSlett