Viser innlegg med etiketten Nålefilting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nålefilting. Vis alle innlegg

søndag 27. desember 2009

Gartnartøfler


Nokre gonger får eg ein idé, og då må det berre prøvast ut. Sånn var det med desse tøflene som syster mi fekk då ho fylde år.
Teknikken er våttoving som skildra i denne boka. Ulla er kjøpt hos Ullform i Hillevåg.







Brusteinen er grå nålefilt som er klippa opp i mange små ruter og lagt på i slutten av våttovinga. Blomane har eg nålefilta på etterpå.

torsdag 16. juli 2009

Ansikt i nålefilting, Pingfrid


Hipp hurra for salg på Panduro! Då syntest eg ikkje det var så dyrt å kjøpa ull til å prøva nålefilting.
Det fyrste ansiktet har fått namnet Pingfrid etter forslag frå ei av tantungane mine.