søndag 29. mars 2009

Uglesokkar



Då var dei ferdige, før april. Og det er godt gjort for eg har nesten ikkje vore heime heile mars. Eg burde nok valt eit anna garn, men slik er det når ein helst skal bruka garn frå lageret. (I tillegg syntest eg ikkje at eg kunne bruka penger på garn i ein månad med store røde tal i budsjettet...)

Dette mønsteret var kjekt å strikka. Fyrste gong eg strikkar frå tåa og opp, men det blir nok ikkje siste. Men eg vil finna ein betre måte å felle av på, syntest det vart litt stramt i kanten oppe. Det er og fyrste gong eg strikkar ein annan hæl enn den eg har lært av mor. Men det blir nok heller ikkje siste gong.

lørdag 21. mars 2009

Uglepulsvantar i silke




Mine pulsvantar er strikka i 100 % pure silk frå Debbie Bliss, kjøpt i Danmark i fjor sommar. Dei er pynta med perler frå perlehuset i Stavanger. Perlene er strikka på, synest det blir finast slik. Kjekt og greitt mønster å strikka.



søndag 15. mars 2009

Handarbeid på leirskule


Eg er avhengig av handarbeid, må alltid ha noko å putla med i hendene. Så sjølv om eg skulle vere på leirskule med ein klasse, ski og moro heile dagen, ansvar for middag og lita tid til å sitja ned, så måtte eg ha eit handarbeid med. Det måtte vera så enkelt som mogleg, og englemaskesjal vart løysinga. Eg klarte ikkje å bli ferdig sjølv om me var der ei heil skuleveke. Til vanleg brukar eg 1-2 kveldar på eit slikt sjal.