Viser innlegg med etiketten Påskebloggeparty. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Påskebloggeparty. Vis alle innlegg

søndag 12. april 2009

Påskehandarbeid og påskeparty



Eg har starta på noko nytt til meg sjølv. I lamagarn eg fann på Sandnes garnutsalg. Men kva det skal bli, nei, det får du sjå når det ein gong vert ferdig. Det går seint med 281 masker på pinne 3, så det er fare for at eg held på med ein ny ufo.
Ellers har eg vore på bloggerunde og sett mykje interessant. Blant anna hos Ruth, Turvid, Grethe, Torunn og Baddie. Utruleg mange gode oppskrifter på mat. Her i huset trur eg det får halde med vafler, viss eg gidd det.

fredag 10. april 2009

Drikke til påskebloggeparty


Nå har eg funne fram drikke til party. Manglar berre snop og handarbeid, men det kjem seinare. Og drikka måtte jo vere den beste eplemosten som finst; Berentsens Eplemost med kolsyre. Eg har prøvd eplemost andre stader i landet, men ingen kjem i nærleiken av delikatessen frå Eigersund. (Kanskje med unnatak av Tou sin eplemost, men den får ein og berre i Rogaland så vidt eg veit.)

Påskelilje til påskebloggeparty






Eg fann denne på tur i går og påskeliljer høyrer med til påska! Dei er så fine og i Loen der eg går tur var der mange, mange.


Eg burde kanskje ha nokre tradisjonar for å feire påska. Det er jo trass alt den viktigaste høgtida for kristne og er verd å feira! Nokre gonger synest eg at eg burde gjort noko for å markera kor takknemleg eg er for Bibelens påskebodskap. Men eg har ikkje funne nokon måte å gjera det på ennå. Foreløpig er påska for meg nokre herlege fridagar å tilbringa saman med familie og vener.

Baddie har liste over deltakere på påskebloggeparty.

onsdag 8. april 2009

Påskebloggeparty



Manne inviterer til påskeparty. Eg vil gjerne vera med og markera påska med å leggja ut bilete av snop, drikke, hobby og noko eg forbinder med påske. Dette kan verta spanande...