
Eg klarar ikkje å bestemma meg for om eg likte desse sokkane, så eg tenkte å setja opp ei liste med positivt og negativt. Mønsteret heiter
Outside in.

Positivt:
-Lite vrange masker. Sjølv ikkje på hælen, som skal strikkast rundt, ikkje fram og tilbake.
-Hælen vart fin, og var eigentleg enkel å strikka. (Når eg berre var ferdig med å kjefta og fann ut korleis det skulle gjerast.)
-Sokkane kan brukast både på retta og vranga. Men eg synest retta vart finast med sjølvstripande garn.
Negativt:
-Ikkje greitt å strikka to sokkar på ein gong når ein plutseleg skal ta opp masker lenger oppe og strikka rundt med ein tredje tråd. Det vart litt mykje å halda styr på; Ein lang rundpinne, eit sett med strømpepinner, to sokkar, to nøster og tre trådar.
-Laaaaang forklaring, men det er jo litt greitt òg når det vert fortalt korleis kvar einaste maske skal strikkast.
-Burde nok brukt eit anna garn som ikkje er sjølvstripande, men eg kan ikkje bruka pengar på garn når eg kanskje skal kjøpa hytte i lag med familien.