onsdag 28. januar 2009

Skjerf som manglar kant


Dette skjerfet er heilt nydeleg å ha på seg. Det er strikka i eit garn frå Online i rein ull, skikkeleg mjukt og herleg. Fargen er ikkje så bleik eigentleg, det skal vera meir rosa. Eg liker ikkje rosa, men synest det vart fint for det. Systera mi syntest i alle fall det var fint. Kanskje det vert ei lita gåve til ho. Strikka på tur til Austlandet, kjekt å strikka når det veks 20 cm i halvtimen. Men akk, det er for kort. Eg kjypte litt for lite garn. Og derfor skal det få ein kant i eit tynnare garn. Eg må berre finna ut kva slags kant eg skal bruka denne gongen.

tirsdag 20. januar 2009

Barnevottar, i riktig storleik.

Ja, eg måtte jo strikka nye barnevottar som faktisk passar til tantungen min. Desse er strikka litt etter eige hovud, litt etter ein oppskrift frå garnstudio og litt etter ein oppskrift på ei lue frå du store alpakka. Eg ville ha dei lange i armane for å hindra at snø kjem inn under kjeledressen. Dei er strikka i Misti på pinne 6 og er litt meir lilla enn biletet viser.



Prøvelapp i filting

Eg har lært noko nytt! Og så enkelt! Elevane mine vart skikkeleg imponerte då eg viste dei prøvelappen eg hadde strikka i fritidsgarn på pinne 7. Med 20 masker var det gjort på ein halvtime, men det var nok det kvite hjarta som imponerte. Det er berre kvit Canto der eg har fjerna den tynne tråden som bind ulla saman. Dette har eg plassert på den lilla kluten, oppå ein bete med skumgummi, og brukt ei filtenål til å festa det med. Korleis det blir festa? Filtenåla har taggar som dreg fiber gjennom til andre sida, så det er berre å stikke gjennom både ulla og lappen mange gonger med filtenåla. Supersmart! Denne teknikken kjem eg nok til å bruka mange gonger, både på skulen og heime, sjølv om denne lappen nok havnar i ein perm til bruk som mal ein gong eg treng det.


søndag 18. januar 2009

"Barnevottar" som blei litt store...


Nokre gonger skulle eg ønska at eg tenkte litt meir før eg byrja å strikka. Som for eksempel når eg skal strikka vottar til ein tantunge på 3 år og oppdagar etter at eg har sett av masker til tommel at dei faktisk passar til meg sjølv. Korleis eg fekk det til? Brukte same typen garn som sist eg strikka dei, men då strikka eg eit par storleikar mindre. Og det kom eg på då eg var nesten ferdig. Men då vart det i staden eit par eigenkomponerte pulsvantar i Alpakka frå Sandnesgarn som eg skal gje til syster mi.

onsdag 14. januar 2009

Pulsvarmeralong januar



Endeleg! Då var eg ferdig med desse vantane som var januaroppgåva på pulsvarmerverden. Og eg må nok innrømma at eg aldri hadde strikka desse viss det ikkje hadde vore ein along som eg har lyst til å fylgja opp. Det er to grunnar til det. Den eine er at eg liker ikkje å strikka vrangbord. På desse vantane skulle det berre vera seksten cm vrangbord i tillegg til eit par cm i tuppen. Den andre grunnen er at eg liker endå mindre å strikka perlestrikk, og resten av vantane er nettopp ein variant av perlestrikk.

Vantane er strikka med lysegrøn minialpakka frå Sandnes på pinne 3, ein restepose eg har fått av mor. Eg har lange fingrar og har difor strikka dei noko lengre enn det som stod i oppskrifta. Eg strikka begge to på ein gong på ein lang rundpinne. Elles hadde det nok berre vorte ein vante... Men fine vart dei i alle fall, og allerede tekne i bruk.

søndag 4. januar 2009

Januarsokkane ferdig


Desse vart eigentleg ferdige i går, men måtte venta på dagslys for å ta bilete. Dei er allerede tekne i bruk. Eg brukte Frøyagarn frå Viking og pinne 2,5. Sidan eg ikkje kan lika forskjellege sokkar og strikkar begge to på ein gong, er mine like. I og med at eg rekna ut at eg ikkje kom til å strikka ned til den fyrste nullen, behaldt eg desimalane slik dei står. Då fekk eg litt fleire striper. Og nå kan eg dei fyrste 20 desimalane i pi: 3,14159 26535 89793 23846. Etterpå der kjem 2, og så var sokkane mine lange nok.

fredag 2. januar 2009

Januarsokkane på Sokker 2009


Då er eg godt i gang med pi-sokkane. Skikkeleg artig, og eg trur jammen eg kjem til å læra i alle fall dei 20 fyrste desimalane. Foreløpig har eg strikka 3,14159 62535 89.