torsdag 28. mai 2009

Kjempefornøgd



Herlege og mjuke i alpakka frå Sandnes, nydeleg grøne og med knappar som prikken over i'en. Eg vart skikkeleg fornøgd med månadens pulsvarmarar. Desse blir lagt i julegåveskuffa der dei kanskje snart får selskap av ei stripete lue i same fargane.

søndag 24. mai 2009

Dei tre første


"Og mens du stjernene teller, vokser din tro, ditt håp." Sitat frå ein kjent, kristen sang som eg ofte speler og nynnar på. Syntest det passa til stjernehimmelen eg har tenkt å laga som mitt bidrag til alongen "En bestemor om dagen". Hekla med str. 3 mm og babyull frå Rauma og eit garn eg trur er babyull frå Sandnes. Mønster er henta frå ei bok eg kjøpte på Amazon; "Beyond the square; Crochet Motifs".

torsdag 21. mai 2009

Hubby House ferdig


Eg likar betre og betre å strikka sokkar frå tåa og opp, og Judy-eit-eller-anna sin måte å leggja opp på var berre heilt genial.
Der er ingen mannfolkbein å prøva dei på her i huset, men eg trur dei enda opp med å vera ca. 42-43. Dei er strikka i Sisu på pinne 3. Prøvde å få dei skikkeleg mannfolk med svart og militærfargar.

mandag 4. mai 2009

Ein fin skulder



Eg veit ikkje om det er vanleg blant internettstrikkarar å strikka i saman på skuldrene, eller å sy i saman. Eg har i alle fall lært av mor at resultatet vert finast når ein strikkar i saman. "Då vert det ein god og stødig kant som ikkje strekkar seg så lett." Ja,ja, kunne vore interessant å høyra korleis andre gjer. Eg er i alle fall ferdig med venstre framstykke på lamagarnprosjektet. Og eg må innrømma at eg synest skulderen vart kjempefin, var heldig med at mønsteret stemte så fint.

søndag 3. mai 2009

Framgang i lamagarnprosjektet



Lamagarnet mitt er såååå tynt. Men det veks litt heile tida. I alle fall viss eg strikkar, noko som eg har alt for lite tid til i desse rettetider. Nå ser det slik ut, og neste mål er å få ferdig framstykkene. Dei skal heldigvis ikkje vere så store. Men andre prosjekt står i kø; maisokkar og maipulsvantar først og fremst, og i tillegg har eg meldt meg på ein restegarnkonkurranse på hobbyforum for ei stund sidan som eg gjerne vil følgje opp. Ute skin sola og lokkar meg ut av sofaen og vekk frå strikketøyet. Ikkje lett.