Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg

søndag 27. desember 2009

Kanskje eg vil ha dei sjølv likevel...

Eg har nok sokkar, så eg har eigentleg sagt at eg ikkje skal ha desse sjølv. Dei skal i gåveskuffa. Men, dei vart jo ganske fine og passar perfekt på foten min.

Garnet er Perfect frå Sandnesgarn. Aldeles nydeleg å strikka med og eg synest der er ein fin glans i det. Pinne 3,5 mm.

Mønsteret er Traveler. Desembersokkane. Og då har eg klart alle sokkepara i 2009!




Og, ja, eg gøymde mønsteret etter at eg hadde lært flettinga utanåt. Så hælfelling og ribb bak og oppe veit eg ikkje om stemmer med mønsteret. Og tåa var altfor "klatt" til at eg gadd å prøva då eg la opp på julafta.

lørdag 26. desember 2009

Novemberpulsvantane

Ja, litt treig. Men måtte verta ferdig med julegåvene først.


Mønsteret er Mirror Twist Mitts og garnet er Cascade Alpaca Lace frå Strikk Innom. Ikkje heilt fornøgd med kombinasjonen, men det var heldigvis svigerinna mi som skal byrja i jobb som postbud etter nyttår.

torsdag 24. desember 2009

Tre par leggvarmarar


Det har vore litt panikkstrikking i desember etter at eg plutseleg fekk veta at bror min og kona skulle koma heim til jul med tre tantungar.

Løysinga vart tre par leggvarmarar i Alfa frå Sandnesgarn.
Dei blå er i mønsteret Tree trunk legwarmers.



Dei kvite er eige design med litt hjelp av Barbara. (Ravelry-link)







Dei lilla er òg eige design, med litt hjelp av Garnstudio til borda nedst.

lørdag 14. november 2009

Novembersokkane, eige design :-)



Eg har lenge ønska å strikka desse sokkane att. Mønsteret er laga for nokre år sidan til søstera mi. Ho hadde teikna ein liten teikning som eg overførde til eit ruteark og gjorde til eit sokkemønster.
Sokkane er strikka i Sisu frå Sandnes garn på pinne 2,5 mm.

Hæl og tå har eg lånt frå Circles and squares, eit mønster frå Mariannes netthus. Men eg har berre hatt 64 masker, ikkje 72, dermed måtte òg masketalet i tå og hæl tilpassast.



søndag 25. oktober 2009

Min første klut

Eit søk på Ravelry etter mønster på kjøkkenklut resulterte i min første eigenstrikka kjøkkenklut.
Mønsteret heiter Three crosses og eg måtte berre strikka det. Enkelt og kjekt mønster som eg har forandra litt på, slik at mønsteret kjem godt fram på begge sider. Garnet er Mandarin Naturell. Pinne nr. 3,5.

tirsdag 20. oktober 2009

Militærgrøne babysokkar



Eg gler meg til eg ein gong får ein liten som kan få desse sokkane! Militærgrønt er ikkje ein farge som eg forbinder med babyar, men eg synest det vart litt tøft her. Fargane er mykje skarpare eigentleg.

Mønsteret, hat-heel, likte eg derimot ikkje. Klatt og mykje trådar å festa. Kjekt å prøva og fine sokkar, men mor meinte eg kjefta vel mykje på dette strikketøyet...

Strikka i Sisu på pinne 3.

søndag 11. oktober 2009

September- og oktobervantane ferdige!




Nå kjem syster mi til å verta glad! Ho arbeider ute og frys på hendene, så ille at ho har begynt å få kuldeeksem. Men nå har me funne ut at pulsvantar under arbeidshanskane hjelper på. Så alle pulsvantar framover kjem til å hamna på hennar hender.
Mens eg strikkar høyrer eg på Matteuspasjonen av Bach. Herleg og mektig musikk!



Septembervantane, Fishtail, strikka i Sandnes Alpakka på pinne 3,5.





Oktobervantane, Improvisation, strikka i Sterk frå Du store alpakka på pinne 3,5.

søndag 13. september 2009

Septembersokkane

Første og siste gong eg har på meg desse! Ikkje fordi eg er misfornøgd, men fordi dei er rosa.


Eg er kjempefornøgd med dette mønsteret. Kan godt vera at eg strikkar fleire Havskumsokkar. Mønsteret vart fint, det var lett å forstå og det var ein god hælfelling. Garnet er Viking Sportsragg. Pinne nr. 3.

mandag 31. august 2009

Sjal i Melody


Mønsteret var veldig kjekt å strikka, men ein må halda tunga beint i munnen... Lite vrange masker, men til gjengjeld mykje kast og fellingar og ikkje alltid så lett å sjå korleis mønsteret skulle verta.


Garnet er 100 % ull, superwash og heiter "Melody." Dette var eit herleg garn å strikka med. Og eg synest fargespelet er nydeleg.




Mønster: Sagittaria
Garn: Melody frå Jojoland, kjøpt hjå Strikk Innom

torsdag 6. august 2009

Augustsokkane ferdige

Eg klarar ikkje å bestemma meg for om eg likte desse sokkane, så eg tenkte å setja opp ei liste med positivt og negativt. Mønsteret heiter Outside in.


Positivt:
-Lite vrange masker. Sjølv ikkje på hælen, som skal strikkast rundt, ikkje fram og tilbake.
-Hælen vart fin, og var eigentleg enkel å strikka. (Når eg berre var ferdig med å kjefta og fann ut korleis det skulle gjerast.)
-Sokkane kan brukast både på retta og vranga. Men eg synest retta vart finast med sjølvstripande garn.
Negativt:
-Ikkje greitt å strikka to sokkar på ein gong når ein plutseleg skal ta opp masker lenger oppe og strikka rundt med ein tredje tråd. Det vart litt mykje å halda styr på; Ein lang rundpinne, eit sett med strømpepinner, to sokkar, to nøster og tre trådar.
-Laaaaang forklaring, men det er jo litt greitt òg når det vert fortalt korleis kvar einaste maske skal strikkast.
-Burde nok brukt eit anna garn som ikkje er sjølvstripande, men eg kan ikkje bruka pengar på garn når eg kanskje skal kjøpa hytte i lag med familien.

søndag 2. august 2009

To nye par pulsvantar

Det raude paret er hekla i garn eg har spunne sjølv. Det er augustmønsteret på Pulsvarmeralongen. Fort gjort, eg fekk mønsteret for eit par timar sidan.








Det blå paret er strikka i Evilla. Eit garn eg ikkje anbefaler, for eg synest det er hardt og lite behageleg å ta i.














Men mønsteret er eg fornøgd med. Eige design med litt hjelp frå Barbara igjen.

lørdag 1. august 2009

Endå ei jakke :-)







Dette er den tredje jakka eg har fått ferdig i løpet av dei siste 14 dagane. Denne starta eg på 22. desember i fjor, men den har lege ei stund på grunn av at det er så kjedeleg å strikka ermer.

Mønsteret er eige design med litt hjelp av Sandnesgarn til å finna masketal og god armfelling, samt Barbara G. Walker. Garnet er Alpakka frå Sandnes.

Og nå er endå ein ufo teken vekk frå lista :-)

mandag 27. juli 2009

Lamajakka mi er ferdig!





























Ein ufo har på uforklarleg vis landa! Den har lege eit par månader på grunn av eit erme som eg ikkje gadd å strikka. Men i går og i dag har eg jobba som ein helt, og fått ei nydeleg lita sommarjakke i lamagarn. Det var noko eg fann på fabrikkutsalet til Sandnesgarn, og alt nytt må jo testast. Likte eigentleg garnet veldig godt. Det er ikkje heilt som alpakka, men like mjukt. Eg skulle eigentleg strikka jakka på framsida av dette bladet. Men eg er ikkje særleg glad i å strikka mønster med fleire fargar fram og tilbake. Dermed vart det strukturmønster. Det er ikkje heilt in for tida, i alle fall sjelden eg ser det. Men eg vart fornøgd med resultatet. Til og med snora i halsen er strikka, såkalla Icord (Nokon som veit kva det heiter på norsk?). Beklager dårlege bilete, men det er ganske vanskeleg å ta fine bilete av seg sjølv.

fredag 24. juli 2009

Brudepulsvantar?






Kvite med 320 blå perler. Det var ikkje meininga, men dei ser ut til å vera strikka til ei brud. Eg skulle laga månadens pulsvantar, Perdita, men var ikkje fornøgd med at dei skulle gå på tvers av handleddet. Derfor snudde eg dei 90 grader og strikka dei rundt med to mønsterrapportar, i tillegg til nokre glattstrikkmasker i kvar side for å få dei vide nok. Eg hadde sett nokre pulsvantar på Husfliden i supertynt garn som eg tykte var fine, og sidan eg hadde litt Karen Noe ultratynn merinoull liggjande, vart det kvite brudepulsvantar. Per i dag har eg ikkje bryllupsplanar, men eg får leggja dei i ein skuff i påvente av ein passande anledning til å bruka dei.

mandag 29. juni 2009

Pulsvarmarane for juni








Eg veit ikkje kva slags pulsvarmarar som eigentleg passar i juni. Eg trur ikkje eg orkar å gå med desse på mange månader ennå. Men kjappe å strikka, det var dei. Og ganske fine og. Strikka i Alpakka frå Sandnes på pinne 4,5.

Kva er dette?



Nei, det er ikkje hansker. I mangel av babyføter trakk eg den eine julisokken på handa for å visa kor god strekk det er i dei. Foreløpig hamnar dei i ein skuff, der dei anten vert gåver eller blir liggjande til eg får bruk for dei sjølv. Strikka i Austermann Royal, garn eg fekk frå ein hemmeleg ven på Hobbyforum. Og dei er berre heilt nydelege :-)

lørdag 27. juni 2009

Endeleg!





For nokre dagar sidan trudde eg ikkje at eg nokon gong ville verta ferdig med Junisokkane. Men eit par dagar med strikking på terrassen og strikkebesøk hjå mor, så vart dei ferdige. Og dei er på god veg til å verta nye yndlingssokkar! Strikka i Opal på pinne 2,5 og med litt modifisering av oppskrifta.

søndag 14. juni 2009

I gang med heklenåla igjen

Eg er i gang att! I går hekla eg 7 stjerner, og har då kome til 20. Eg er tom for det turkise garnet og må kjøpa nytt i morgon. Dermed blir det andre fargar framover, lurer på korleis det vert til slutt.

onsdag 3. juni 2009

Ikkje ein, ikkje to, men



TRE luer vart resultatet av restegarnet frå pulsvantane i mai. Eg hadde ein nydeleg tur til Austlandet nå i pinsa, sjølvsagt med strikkepinnane i full galopp på flyplassen, i flyet og om kveldane når tantungane var i seng. Mønsteret er "Turn-a-square" av Jared Flood. Dei små luene har eg redusert masketalet til 80 masker og ikkje strikka så lange. Den minste vart i kortaste laget, passar til ein baby. Men dei andre to vart fine. Nå ligg dei og godgjer seg i "julegåveskuffa".