Eg vever babyteppe ennå. Nå går det i grønt og brunt. Eg håpa på å verta ferdig før nyttår, men i denne kulda kan eg ikkje halda alle rom varme. Og då er det hobbyrommet som vert ståande kaldt dessverre. Det går jo an å varme det opp berre ei lita stund, skal gjera det i kveld. Og ta på meg pulsvantar, tjukke sokkar, tjukk genser og lue...
Viser innlegg med etiketten veving. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten veving. Vis alle innlegg
fredag 1. januar 2010
søndag 22. februar 2009
Veven
Det er eigentleg ganske utruleg at fletta som eg hadde med frå ferie i Aust-Agder i sommar kan bli til fleire meter med tepper. Eg lånte rennebommen til ei gammal dame der borte, etter at eg hadde tømt Sparkjøp på Stoa for kvitt ullteppegarn. Eg var ganske ivrig til å få veven opp då eg kom heim, men så byrja skulen, og då har eg ikkje hatt særleg tid til å veva. Men i dag har teppet blitt over 70 cm, det vil seia at eg berre manglar 20 cm på at teppe nummer 1 er ferdig. Dessverre går det nok ei stund ennå før eg får sjå heile teppet. Eg klippar ikkje ned veven før eg er ferdig med alle teppene og eg har 8-9 meter renning.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
