mandag 29. juni 2009

Kva er dette?



Nei, det er ikkje hansker. I mangel av babyføter trakk eg den eine julisokken på handa for å visa kor god strekk det er i dei. Foreløpig hamnar dei i ein skuff, der dei anten vert gåver eller blir liggjande til eg får bruk for dei sjølv. Strikka i Austermann Royal, garn eg fekk frå ein hemmeleg ven på Hobbyforum. Og dei er berre heilt nydelege :-)

lørdag 27. juni 2009

Endeleg!





For nokre dagar sidan trudde eg ikkje at eg nokon gong ville verta ferdig med Junisokkane. Men eit par dagar med strikking på terrassen og strikkebesøk hjå mor, så vart dei ferdige. Og dei er på god veg til å verta nye yndlingssokkar! Strikka i Opal på pinne 2,5 og med litt modifisering av oppskrifta.

onsdag 24. juni 2009

Garn til stjernehimmel


Nå trur eg nesten eg har det som er å få av blå- og gulfargar i merinoull til pinne 2,5 frå Dale, Sandnesgarn, Vikinggarn og PT. Det er Lanett, Panda og Babyull. Eg må kanskje ha nokre fleire nøster så eg er på utkikk etter andre produsentar som har merinoull. Men nå vil eg først hekla opp ein del stjerner til, så eg veit kor mykje eg treng.

mandag 22. juni 2009

32 stjerner


Eg har fått dilla på å hekla stjerner. Og det er vanskeleg å berre hekla ei til dagen, det vert fort 5-6 viss eg sett i gang.
Det er to forskjellige slags turkise, hjørnene er i ein lysare nyanse. Og nå vert snart det gule bytta ut med ein annan gul. Eg kjøper berre eit nøste av kvar farge og heklar til det er tomt.

søndag 21. juni 2009

Eg kjem ikkje inn på Hobbyforum :-(

Er det fleire enn meg som ikkje kjem inn på Hobbyforum for tida? Det vil seia at eg kjem inn, og så skiftar sida til ei kvit side med noko reklame før eg får sjansen til å trykkja meg vidare frå hovudsida. Eg har prøvd på fleire dataer, men det same skjer med alle. Er det nokon som veit kva som kan gjerast?

søndag 14. juni 2009

I gang med heklenåla igjen

Eg er i gang att! I går hekla eg 7 stjerner, og har då kome til 20. Eg er tom for det turkise garnet og må kjøpa nytt i morgon. Dermed blir det andre fargar framover, lurer på korleis det vert til slutt.

onsdag 10. juni 2009

Sykkelkrasj



I dag har eg krasja på sykkelen. Eg syklar ofte til jobb, 8 km unna, men i dag kom eg berre ein snau km før det sa stopp. Eg hugsar ikkje korleis det skjedde. Då eg kom til meg sjølv sat eg i grøftekanten ved ein undergang. Sykkelen min låg i ein blodpøl på vegen. Ein framand mann snakka til meg, eg sa at eg hadde ringt til mor, og lurte i same sekund på om eg verkeleg hadde det, for det kunne eg ikkje hugsa.
Det hadde eg heldigvis, og mor kom rett etterpå og køyrde meg til legevakta. Først då me hadde køyrt i nærare ti minutt og nærma oss, fann eg ut at eg faktisk ikkje drøymde.
Eg kjem ikkje til å få varige men, trur eg ikkje i alle fall. Skuldera er vond og eg har slått hovudet kraftig, men det er ikkje noko som er brukke. Og eg har ikkje mista ein dråpe med blod, blodet på sykkelen er frå han eg krasja med. Men strikkepinnane og heklenåla får eit par dagars pause. Eg hadde nok klart å gjere litt, men trur det er best at eg tek med ro.