onsdag 10. juni 2009

Sykkelkrasj



I dag har eg krasja på sykkelen. Eg syklar ofte til jobb, 8 km unna, men i dag kom eg berre ein snau km før det sa stopp. Eg hugsar ikkje korleis det skjedde. Då eg kom til meg sjølv sat eg i grøftekanten ved ein undergang. Sykkelen min låg i ein blodpøl på vegen. Ein framand mann snakka til meg, eg sa at eg hadde ringt til mor, og lurte i same sekund på om eg verkeleg hadde det, for det kunne eg ikkje hugsa.
Det hadde eg heldigvis, og mor kom rett etterpå og køyrde meg til legevakta. Først då me hadde køyrt i nærare ti minutt og nærma oss, fann eg ut at eg faktisk ikkje drøymde.
Eg kjem ikkje til å få varige men, trur eg ikkje i alle fall. Skuldera er vond og eg har slått hovudet kraftig, men det er ikkje noko som er brukke. Og eg har ikkje mista ein dråpe med blod, blodet på sykkelen er frå han eg krasja med. Men strikkepinnane og heklenåla får eit par dagars pause. Eg hadde nok klart å gjere litt, men trur det er best at eg tek med ro.

1 kommentar:

  1. Håper det går bra med deg, og at du klarer å slappe av litt.

    Klem

    SvarSlett