Ein ufo har landa. Eg starta på eit enkelt skjerf i eit effektgarn eg fekk frå ein hemmeleg ven på hobbyforum (AnnetteK, trur eg) då eg satt tentamenvakt før jul. Eit nøste var alt eg hadde, men sjå kor langt det vart! Litt forskjell på før og etter blokking. Så nå er det eit punkt mindre på ufolista mi oppe i hjørnet.
onsdag 8. april 2009
Aprilsokkane
På sokkealongen kunne me velga fritt frå sokkane på Garnstudio, og då valde eg disse. Dei passa bra til eit sjølvstripande garn som eg ville bruka opp. Ganske fornøgd med resultatet, håpar syster mi blir like fornøgd. Ho hinta litt om at ho hadde ikkje så mykje tjukke sokkar og kan ikkje strikka så mykje anna enn lappetepper.
søndag 5. april 2009
Korleis få det ryddig med mange strikketøy som "må" liggja framme
Det er eit problem når eg har fleire prosjekt på ein gong og eg synest eg må ha alle liggjande framme i tilfelle eg finn på at eg skal gjera noko med dei. Det vert så rotete. Men eg har ei løysing som hjelper litt i alle fall. Eg har nokre fine korger og boksar som står til pynt. Og oppi der har eg plass til mykje rart. Denne korga er frå Danmark og skikkeleg søt, sjølv om den eigentleg er litt lita og upraktisk.
Kylavantene ferdige
Eg hadde litt problem med byrjinga på desse vantene, ein kombinasjon av dårleg forklaring og at eg var sjuk den kvelden. Men etter boblene var dei superenkle og kjekke å strikka. Garnet har eg fått av ein hemmeleg ven på hobbyforum. Det heiter Austermann Royal og er ein blanding av merino, silke, kashmir og polyamid. Mjukt og nydeleg. Herleg å strikka med, kan godt vera at eg kjøper meir av det garnet.
søndag 29. mars 2009
Uglesokkar
Dette mønsteret var kjekt å strikka. Fyrste gong eg strikkar frå tåa og opp, men det blir nok ikkje siste. Men eg vil finna ein betre måte å felle av på, syntest det vart litt stramt i kanten oppe. Det er og fyrste gong eg strikkar ein annan hæl enn den eg har lært av mor. Men det blir nok heller ikkje siste gong.
lørdag 21. mars 2009
søndag 15. mars 2009
Handarbeid på leirskule
Eg er avhengig av handarbeid, må alltid ha noko å putla med i hendene. Så sjølv om eg skulle vere på leirskule med ein klasse, ski og moro heile dagen, ansvar for middag og lita tid til å sitja ned, så måtte eg ha eit handarbeid med. Det måtte vera så enkelt som mogleg, og englemaskesjal vart løysinga. Eg klarte ikkje å bli ferdig sjølv om me var der ei heil skuleveke. Til vanleg brukar eg 1-2 kveldar på eit slikt sjal.
Abonner på:
Innlegg (Atom)