Mine pulsvantar er strikka i 100 % pure silk frå Debbie Bliss, kjøpt i Danmark i fjor sommar. Dei er pynta med perler frå perlehuset i Stavanger. Perlene er strikka på, synest det blir finast slik. Kjekt og greitt mønster å strikka.
Eg er fødd i 1979 og jobbar som lærar på ein kristen skule. Eg har fått handarbeid inn med morsmelka og har alltid mange prosjekt på ein gong. Eg driv med strikking, hekling, veving, hedebosøm, lappeteknikk osb.
Så mye fint du lager! Disse pulsvantene var nydelige! =)
SvarSlett