Desse sokkane vart eg utfordra til å strikka av jogusi på hobbyforum. Eigentleg skulle dei vere slik: http://emileeknits.wordpress.com/about-2/heart-lace-socks/ Men det vart vanskeleg når eg ikkje hadde så tynt garn. Eg prøvde med det tynnaste eg hadde og pinne nr 2. Men det vart passande til ein elefant. Og sjølv om systera mi brukar fem nummer større enn meg i sko, så har ho ikkje elefantføter.
Men oppskrifter er jo berre veiledande, så eg forandra det til 64 masker og fann fram masse restegarn i Sisu og Silja, samt ein lang rundpinne. Tok eit nøste om gongen og ein tråd frå kvar ende av nøstet og strikka til det var tomt.
Og resultatet vart godt motteke; "Så kule! Dei er sikkart gode!"
Så flotte sokker.
SvarSlettØnsker deg ett godt nytt år!