Begynte på denne jakka 22. desember, og synest eg har kome ganske langt allerede! Eg fann alpakka på garnutsalget til Sandnes Uldvare til 25 kroner nøstet. Det var visst ujamn innfarging på dei, men eg ser ikkje noko gale, ikkje ennå i alle fall. Så då eg var ferdig med julegavane var det berre å sette i gang. Eg fann eit mønster i Barbara Walker's Treasury of Knitting Patterns, og putta inn ei flette på kvar side. Eg trur det blir fint, men har ikkje bestemt meg om eg vil ha isydde ermer eller raglanfelling, og heller ikkje koss det skal vere oppe i halsen. Men eg har over tjue centimeter att før eg må ta ein beslutning.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Den vert sikkert kjempeflott når ho er ferdig! Også i alpakka, då - herleg! Skadar jo sjølvsagt ikkje at du fekk det billig heller, det er på ein måte då det er best, hehe. :) Lukke til vidare på denne, blir sikkert fint uansett kva du veljer.
SvarSlett