Eg er kjempefornøgd med dette mønsteret. Kan godt vera at eg strikkar fleire Havskumsokkar. Mønsteret vart fint, det var lett å forstå og det var ein god hælfelling. Garnet er Viking Sportsragg. Pinne nr. 3.
søndag 13. september 2009
Septembersokkane
Første og siste gong eg har på meg desse! Ikkje fordi eg er misfornøgd, men fordi dei er rosa. 

lørdag 12. september 2009
120 stjerner!
fredag 4. september 2009
Eg har sydd barnekjole, men kva skal eg med den?
Ja, kva skal eg gjera med denne kjolen? Eg har ikkje bruk for den. Men gøy å sy, det var det!
Det byrja med at 10.-klassingane mine skulle sy. To jenter valde å sy kjole etter mønster frå boka "Barn igjen". Dei hadde klippa ut alle delane, og spurde så om kva dei skulle gjera. Eg las mønsteret, først ein gong og så ein gong til. "Hæ?" Heldigvis var timen nesten slutt, og eg sette meg ned med boka og las og teikna. Nei, dette var eit mønster som måtte prøvast. Så det var det eg gjorde i går kveld når internettet mitt var nede etter torevêret. Den vart ganske fin, men kva skal eg med den?
mandag 31. august 2009
Sjal i Melody
Mønsteret var veldig kjekt å strikka, men ein må halda tunga beint i munnen... Lite vrange masker, men til gjengjeld mykje kast og fellingar og ikkje alltid så lett å sjå korleis mønsteret skulle verta.
Garnet er 100 % ull, superwash og heiter "Melody." Dette var eit herleg garn å strikka med. Og eg synest fargespelet er nydeleg.
Garn: Melody frå Jojoland, kjøpt hjå Strikk Innom
onsdag 26. august 2009
Skjerf i gimping
Skjerfet er gimpa.
Eg har laga to remser med 360 løkker, dvs 180 på kvar side med heklenål 3,5 mm på ein 60mm gimpegaffel. Det var kanskje litt i meste laget, for skjerfet vart over 2 meter langt. For å setja remsene saman tok eg heklenåla gjennom ei løkke på den eine remsa, tok ei løkke på andre remsa og drog gjennom. Slik fortsette eg med å ta ei løkke og dra gjennom ei løkke på andre remsa til eg kom til endes. Der tok eg endetråden til den eine remsa og drog gjennom siste løkka for å festa. Deretter hekla eg ein omgang med 1 fm i kvar løkke med ei lm mellom. Deretter har eg hatt tre omganger med 3 lm og 1 fm i kvar bue. I hjørnene er det ein ekstra lmb à 3 lm. (3 lm, 1 fm i same bue) Viktig å blokka til slutt, skjerfet mitt ville berre krølla seg mens eg jobba med det.

tirsdag 25. august 2009
Det enkle er ofte det beste
lørdag 22. august 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)