mandag 27. juli 2009

Lamajakka mi er ferdig!





























Ein ufo har på uforklarleg vis landa! Den har lege eit par månader på grunn av eit erme som eg ikkje gadd å strikka. Men i går og i dag har eg jobba som ein helt, og fått ei nydeleg lita sommarjakke i lamagarn. Det var noko eg fann på fabrikkutsalet til Sandnesgarn, og alt nytt må jo testast. Likte eigentleg garnet veldig godt. Det er ikkje heilt som alpakka, men like mjukt. Eg skulle eigentleg strikka jakka på framsida av dette bladet. Men eg er ikkje særleg glad i å strikka mønster med fleire fargar fram og tilbake. Dermed vart det strukturmønster. Det er ikkje heilt in for tida, i alle fall sjelden eg ser det. Men eg vart fornøgd med resultatet. Til og med snora i halsen er strikka, såkalla Icord (Nokon som veit kva det heiter på norsk?). Beklager dårlege bilete, men det er ganske vanskeleg å ta fine bilete av seg sjølv.

lørdag 25. juli 2009

Hekla jakke






Togturen frå Bryne til Lillehammer, og vidare til Trondheim gjekk så fort som berre det. Med heklenåla i full fart vart eg nesten ferdig på turen. Då eg kom heim mangla eg eit erme og kantar. Det tok tid... Kan ikkje fordra å hekla kantar, må alltid gjera det mange gonger før eg vert fornøgd. Knappane er kjøpt i Trondheim. Me var innom ein butikk der dei kun hadde knappar, perler, bånd og liknande. Ein heil vegg med knappar, eg plukka ut desse hjartene. Dei passa perfekt til jakka mi. Mønsteret er frå Interweave Crochet. Og eg er i "Gjera-ferdig-modus", så nå kjem det til å verta mykje å sjå i bloggen min framover.

fredag 24. juli 2009

Brudepulsvantar?






Kvite med 320 blå perler. Det var ikkje meininga, men dei ser ut til å vera strikka til ei brud. Eg skulle laga månadens pulsvantar, Perdita, men var ikkje fornøgd med at dei skulle gå på tvers av handleddet. Derfor snudde eg dei 90 grader og strikka dei rundt med to mønsterrapportar, i tillegg til nokre glattstrikkmasker i kvar side for å få dei vide nok. Eg hadde sett nokre pulsvantar på Husfliden i supertynt garn som eg tykte var fine, og sidan eg hadde litt Karen Noe ultratynn merinoull liggjande, vart det kvite brudepulsvantar. Per i dag har eg ikkje bryllupsplanar, men eg får leggja dei i ein skuff i påvente av ein passande anledning til å bruka dei.

mandag 20. juli 2009

Makramésmykke, laga på eit par timar



Eg hadde med eit par tantungar på jentetur til Stavanger i dag. Og då måtte me jo innom Perlehuset, dei har jo så mykje fint! Då me kom heim var det litt om og men for å finna ut koss me skulle laga makramé og kor lange trådane skulle vera. Men då eg kom i gang var det fort gjort, og resultatet vart eg skikkeleg fornøgd med. Må berre få tak i ein lås, så eg kan gjera det heilt ferdig. Jentenes prosjekt vart avbroten av leggjetid, men det vert to fine smykker der òg.

torsdag 16. juli 2009

Ansikt i nålefilting, Pingfrid


Hipp hurra for salg på Panduro! Då syntest eg ikkje det var så dyrt å kjøpa ull til å prøva nålefilting.
Det fyrste ansiktet har fått namnet Pingfrid etter forslag frå ei av tantungane mine.

fredag 10. juli 2009

Stjernehimmelen


Nå har eg 60 stjerner. Og, ja, eg har ikkje klart å halda meg til ein om dagen... Hadde teppet med meg som einaste handarbeid på tur til Austlandet og kom heim med 20 fleire lappar i løpet av ei veke.

mandag 29. juni 2009

Pulsvarmarane for juni








Eg veit ikkje kva slags pulsvarmarar som eigentleg passar i juni. Eg trur ikkje eg orkar å gå med desse på mange månader ennå. Men kjappe å strikka, det var dei. Og ganske fine og. Strikka i Alpakka frå Sandnes på pinne 4,5.