søndag 26. april 2009



Fuglevise - Thorbjørn Egner
Det er vårdag i skogen, det spretter og gror.
Og sangen du hører er fuglenes kor.
Det er dompap og sisik og meiser og stær.
Og det traller og synger i busker og trær.
Tra la la, tvidele di di, der kvitrer en hann.
Det er en ung og pen liten løvsanger mann.
Tra la la, tvidele di di, hva tenker han på?
Han tenker den som kunne en kjæreste få.

tirsdag 14. april 2009

Ein potensiell ufo

Har du nokon gong angra på at du har starta på eit prosjekt? Eg gjer det nesten med denne. Eg seier ikkje kva det skal vera, det får bli ein gjettekonkurranse... Men 28 cm, det er mål nummer ein. I dag har eg passert 10 cm. Når kvar omgang måler i overkant av 2 mm, vil det seia at eg har, eh, mange omganger att. Det som får meg til å fortsetta å strikka er at garnet er aldeles nydeleg å ta på (lama, og det er ikkje det same som alpakka) og at eg vil gjerne ha eit sånt plagg.

søndag 12. april 2009

Påskehandarbeid og påskeparty



Eg har starta på noko nytt til meg sjølv. I lamagarn eg fann på Sandnes garnutsalg. Men kva det skal bli, nei, det får du sjå når det ein gong vert ferdig. Det går seint med 281 masker på pinne 3, så det er fare for at eg held på med ein ny ufo.
Ellers har eg vore på bloggerunde og sett mykje interessant. Blant anna hos Ruth, Turvid, Grethe, Torunn og Baddie. Utruleg mange gode oppskrifter på mat. Her i huset trur eg det får halde med vafler, viss eg gidd det.

fredag 10. april 2009

Drikke til påskebloggeparty


Nå har eg funne fram drikke til party. Manglar berre snop og handarbeid, men det kjem seinare. Og drikka måtte jo vere den beste eplemosten som finst; Berentsens Eplemost med kolsyre. Eg har prøvd eplemost andre stader i landet, men ingen kjem i nærleiken av delikatessen frå Eigersund. (Kanskje med unnatak av Tou sin eplemost, men den får ein og berre i Rogaland så vidt eg veit.)

Påskelilje til påskebloggeparty






Eg fann denne på tur i går og påskeliljer høyrer med til påska! Dei er så fine og i Loen der eg går tur var der mange, mange.


Eg burde kanskje ha nokre tradisjonar for å feire påska. Det er jo trass alt den viktigaste høgtida for kristne og er verd å feira! Nokre gonger synest eg at eg burde gjort noko for å markera kor takknemleg eg er for Bibelens påskebodskap. Men eg har ikkje funne nokon måte å gjera det på ennå. Foreløpig er påska for meg nokre herlege fridagar å tilbringa saman med familie og vener.

Baddie har liste over deltakere på påskebloggeparty.

Rekk-opp-skjerf







Eg måtte prøva. Å strikka eit rekk-opp-skjerf, altså. Dette skjerfet er strikka i Heidi Spesial, håndspunne garn. Viss eg reknar kursavgift, flybillett, hotellopphold og togbillett, så har dette garnet kosta meg fleire tusen kroner. Så det er eksklusivt! Men dessverre ujamnt og ikkje brukande til så mykje.

Men det vart ganske fint til skjerf. Eg la opp 29 masker på pinne 7, men fant fort ut at det gjekk for seint, så eg bytta til pinne 10. Så strikka eg til nøstet var tomt. Då eg skulle fella av slapp eg ned annakvar maske og strekte og drog i skjerfet slik at dei rekka seg heilt ned. Og ganske fornøgd med gårsdagens innsats.

onsdag 8. april 2009

Påskebloggeparty



Manne inviterer til påskeparty. Eg vil gjerne vera med og markera påska med å leggja ut bilete av snop, drikke, hobby og noko eg forbinder med påske. Dette kan verta spanande...