søndag 27. desember 2009
Kanskje eg vil ha dei sjølv likevel...
Garnet er Perfect frå Sandnesgarn. Aldeles nydeleg å strikka med og eg synest der er ein fin glans i det. Pinne 3,5 mm.
Mønsteret er Traveler. Desembersokkane. Og då har eg klart alle sokkepara i 2009!
Mønsteret er Traveler. Desembersokkane. Og då har eg klart alle sokkepara i 2009!
lørdag 26. desember 2009
Novemberpulsvantane
Mønsteret er Mirror Twist Mitts og garnet er Cascade Alpaca Lace frå Strikk Innom. Ikkje heilt fornøgd med kombinasjonen, men det var heldigvis svigerinna mi som skal byrja i jobb som postbud etter nyttår.
torsdag 24. desember 2009
Kalender til far
Tre par leggvarmarar
Det har vore litt panikkstrikking i desember etter at eg plutseleg fekk veta at bror min og kona skulle koma heim til jul med tre tantungar.
Løysinga vart tre par leggvarmarar i Alfa frå Sandnesgarn.
Dei blå er i mønsteret Tree trunk legwarmers.
lørdag 14. november 2009
Novembersokkane, eige design :-)
Eg har lenge ønska å strikka desse sokkane att. Mønsteret er laga for nokre år sidan til søstera mi. Ho hadde teikna ein liten teikning som eg overførde til eit ruteark og gjorde til eit sokkemønster.
Sokkane er strikka i Sisu frå Sandnes garn på pinne 2,5 mm.
Hæl og tå har eg lånt frå Circles and squares, eit mønster frå Mariannes netthus. Men eg har berre hatt 64 masker, ikkje 72, dermed måtte òg masketalet i tå og hæl tilpassast.
søndag 8. november 2009
Nye tøfler til 50 kr!
Hendene mine er blå. Og føtene. Men kva gjer vel det når eg har fått verdas herlegaste tøfler!
Eg kjøpte to tops med turkis ull på Gjestal Spinneri. Til saman kosta dei 50 kr. Heile kvelden i går gjekk med til å leggja ull på ein mal, tova litt med bobleplast, leggja eit nytt lag, rulla i sivmatte og tova med tøflene på foten. I dag har eg nålefilta blomar i noko merinoull som låg i skapet.
Det einaste minuset var at ulla farga av. Alt vart blått. Og eg har lært ein ting; sånn farge bør vaskast av med ein gong. Eg har to blå hender og to blå føter. Ikkje tale om å få det av. Neste gong skal eg tova med hanskar. Men gjett om det var verdt strevet! Dei er ikkje tørre ennå, men allereie i bruk.
Abonner på:
Innlegg (Atom)