søndag 25. oktober 2009

Min første klut

Eit søk på Ravelry etter mønster på kjøkkenklut resulterte i min første eigenstrikka kjøkkenklut.
Mønsteret heiter Three crosses og eg måtte berre strikka det. Enkelt og kjekt mønster som eg har forandra litt på, slik at mønsteret kjem godt fram på begge sider. Garnet er Mandarin Naturell. Pinne nr. 3,5.

tirsdag 20. oktober 2009

Militærgrøne babysokkar



Eg gler meg til eg ein gong får ein liten som kan få desse sokkane! Militærgrønt er ikkje ein farge som eg forbinder med babyar, men eg synest det vart litt tøft her. Fargane er mykje skarpare eigentleg.

Mønsteret, hat-heel, likte eg derimot ikkje. Klatt og mykje trådar å festa. Kjekt å prøva og fine sokkar, men mor meinte eg kjefta vel mykje på dette strikketøyet...

Strikka i Sisu på pinne 3.

søndag 11. oktober 2009

September- og oktobervantane ferdige!




Nå kjem syster mi til å verta glad! Ho arbeider ute og frys på hendene, så ille at ho har begynt å få kuldeeksem. Men nå har me funne ut at pulsvantar under arbeidshanskane hjelper på. Så alle pulsvantar framover kjem til å hamna på hennar hender.
Mens eg strikkar høyrer eg på Matteuspasjonen av Bach. Herleg og mektig musikk!



Septembervantane, Fishtail, strikka i Sandnes Alpakka på pinne 3,5.





Oktobervantane, Improvisation, strikka i Sterk frå Du store alpakka på pinne 3,5.

mandag 5. oktober 2009

150 stjerner!



Større og større, vanskelegare og vanskelegare å ta bilete. Men framleis er det kjekt å hekla kvar einaste stjerne. Og framleis minnar teppet meg på ei strofe i ein kristen sang; "Og mens du stjernene teller, vokser din tro, ditt håp."

søndag 13. september 2009

Septembersokkane

Første og siste gong eg har på meg desse! Ikkje fordi eg er misfornøgd, men fordi dei er rosa.


Eg er kjempefornøgd med dette mønsteret. Kan godt vera at eg strikkar fleire Havskumsokkar. Mønsteret vart fint, det var lett å forstå og det var ein god hælfelling. Garnet er Viking Sportsragg. Pinne nr. 3.

lørdag 12. september 2009

120 stjerner!


Nå nærmar eg meg halvvegs... Og framleis er det kjekt å hekla stjerner, lurer på kva tid eg vert lei?

fredag 4. september 2009

Eg har sydd barnekjole, men kva skal eg med den?

Ja, kva skal eg gjera med denne kjolen? Eg har ikkje bruk for den. Men gøy å sy, det var det!



Det byrja med at 10.-klassingane mine skulle sy. To jenter valde å sy kjole etter mønster frå boka "Barn igjen". Dei hadde klippa ut alle delane, og spurde så om kva dei skulle gjera. Eg las mønsteret, først ein gong og så ein gong til. "Hæ?" Heldigvis var timen nesten slutt, og eg sette meg ned med boka og las og teikna. Nei, dette var eit mønster som måtte prøvast. Så det var det eg gjorde i går kveld når internettet mitt var nede etter torevêret. Den vart ganske fin, men kva skal eg med den?