onsdag 26. august 2009

Skjerf i gimping


Eit nydeleg skjerf, får ein lov til å seie det om sitt eige arbeid? Fornøgd er eg i alle fall. Garnet var heilt nydeleg å hekla/gimpa med. Melody frå Jojoland, kjøpt gjennom sjalgarnklubben til Strikk Innom. Det er brukt mindre enn 50 g.
Skjerfet er gimpa.
Eg har laga to remser med 360 løkker, dvs 180 på kvar side med heklenål 3,5 mm på ein 60mm gimpegaffel. Det var kanskje litt i meste laget, for skjerfet vart over 2 meter langt. For å setja remsene saman tok eg heklenåla gjennom ei løkke på den eine remsa, tok ei løkke på andre remsa og drog gjennom. Slik fortsette eg med å ta ei løkke og dra gjennom ei løkke på andre remsa til eg kom til endes. Der tok eg endetråden til den eine remsa og drog gjennom siste løkka for å festa. Deretter hekla eg ein omgang med 1 fm i kvar løkke med ei lm mellom. Deretter har eg hatt tre omganger med 3 lm og 1 fm i kvar bue. I hjørnene er det ein ekstra lmb à 3 lm. (3 lm, 1 fm i same bue) Viktig å blokka til slutt, skjerfet mitt ville berre krølla seg mens eg jobba med det.

tirsdag 25. august 2009

Det enkle er ofte det beste


Eit skjerf i gimping. Eige design, men veldig enkelt mønster. Skal ta betre bilete i morgon. Og kanskje eg skriv ned mønsteret òg.

lørdag 22. august 2009

søndag 9. august 2009

Eit prøveprosjekt









Eg har prøvd meg på stitchery og lappeteknikk med trekantar. Nybegynnar med kjempeprosjekt. For viss eg får det til så skal dette verta eit stort sengeteppe. Og det vart nå greitt nok, så me får sjå kva det blir til.

torsdag 6. august 2009

Augustsokkane ferdige

Eg klarar ikkje å bestemma meg for om eg likte desse sokkane, så eg tenkte å setja opp ei liste med positivt og negativt. Mønsteret heiter Outside in.


Positivt:
-Lite vrange masker. Sjølv ikkje på hælen, som skal strikkast rundt, ikkje fram og tilbake.
-Hælen vart fin, og var eigentleg enkel å strikka. (Når eg berre var ferdig med å kjefta og fann ut korleis det skulle gjerast.)
-Sokkane kan brukast både på retta og vranga. Men eg synest retta vart finast med sjølvstripande garn.
Negativt:
-Ikkje greitt å strikka to sokkar på ein gong når ein plutseleg skal ta opp masker lenger oppe og strikka rundt med ein tredje tråd. Det vart litt mykje å halda styr på; Ein lang rundpinne, eit sett med strømpepinner, to sokkar, to nøster og tre trådar.
-Laaaaang forklaring, men det er jo litt greitt òg når det vert fortalt korleis kvar einaste maske skal strikkast.
-Burde nok brukt eit anna garn som ikkje er sjølvstripande, men eg kan ikkje bruka pengar på garn når eg kanskje skal kjøpa hytte i lag med familien.

onsdag 5. august 2009

80 stjerner


Frokostritualet i ferien; to skjever, eit glas melk med Oboy og hekla ei stjerne. Det spørst om eg klarar ein til dagen når skulen byrjar att. Nå har eg akkurat 80 stjerner, men er framleis ikkje ein gong halvvegs.

søndag 2. august 2009

To nye par pulsvantar

Det raude paret er hekla i garn eg har spunne sjølv. Det er augustmønsteret på Pulsvarmeralongen. Fort gjort, eg fekk mønsteret for eit par timar sidan.








Det blå paret er strikka i Evilla. Eit garn eg ikkje anbefaler, for eg synest det er hardt og lite behageleg å ta i.














Men mønsteret er eg fornøgd med. Eige design med litt hjelp frå Barbara igjen.