onsdag 14. januar 2009

Pulsvarmeralong januar



Endeleg! Då var eg ferdig med desse vantane som var januaroppgåva på pulsvarmerverden. Og eg må nok innrømma at eg aldri hadde strikka desse viss det ikkje hadde vore ein along som eg har lyst til å fylgja opp. Det er to grunnar til det. Den eine er at eg liker ikkje å strikka vrangbord. På desse vantane skulle det berre vera seksten cm vrangbord i tillegg til eit par cm i tuppen. Den andre grunnen er at eg liker endå mindre å strikka perlestrikk, og resten av vantane er nettopp ein variant av perlestrikk.

Vantane er strikka med lysegrøn minialpakka frå Sandnes på pinne 3, ein restepose eg har fått av mor. Eg har lange fingrar og har difor strikka dei noko lengre enn det som stod i oppskrifta. Eg strikka begge to på ein gong på ein lang rundpinne. Elles hadde det nok berre vorte ein vante... Men fine vart dei i alle fall, og allerede tekne i bruk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar